tirsdag 19. oktober 2010

Fargerike tøfler



Vinteren er farleg nær, og føtene skrik etter varm innpakking!
Kva kan være betre for mine søte små tær enn et deilig fotbad etterfulgt av omfavnelse av god og varm ull??





Disse tøflene er relativt enkle å lage.
Strikka nokre ruter i div festlige fargar og sydde dei saman. Deretter er dei tova i maskin.

fredag 9. juli 2010

Stereobenk

Ein stereobenk i beisa furu.

Det er nokre år sidan eg lagde den, og ser no i etterkant at man faktisk lærer av sine feil!
Eg brukte laaang tid, sidan det var det første ordentlege møbelet eg laga.

Eg designa og teikna det sjøl, og det er ikkje alt eg ville gjort likeeins i dag.
Men alt i alt er det eit ganske fint møbel, og eg håpa det kan komme i bruk etterkvart.
Dørene kom på i fjor, men det er fortsatt ikkje ferdig.

Det er ikkje alltid like lurt å utsette til i morgen det du alt har utsatt fra i går!

tirsdag 6. juli 2010

Gode sokker

Her lyg visst bildet litt, for sokkane er ikkje rosa, men rød, lilla og svart.
Eg brukte Smart fra SandnesGarn, og effektgarn oppe på skaftet for at dei skulle bli litt annerledes og morsomme.

Hælen vart dessverre litt stor, men dei er likevel kjempegode på foten!


Neste par eg strikka redigerte eg litt på hælen, og dei vart betre.

Eg har strikka ein sokk til, i lyselilla, men den fargen likte eg heller dårlig, so eg veit ikkje om eg gidd å strikke partneren...

Bursdagskort til besta :)

"Jeg har fått mye fint opp gjennom åra, men dette overgår alt" var reaksjonen eg fekk over telefon den dagen eg ringte å gratulerte bestemor med dagen :)

Det var ikkje lett å plukke ut så få bilder, men eg prøvde å finne noko som ville glede ho, og noko som passa til papiret eg hadde.


Eg valgte å ta med eit bilde av epletreet vårt når det blomstra, for det veit eg ho lika so godt.





Barnebarnet (meg) i Nordfjordbunad måtte sjølvsagt være med, og kjæresten min.


Var mykje prøving og feilig med papir og pynt i forskjellige variantar før det endelige resultatet.
Biene matcha papiret og naturmotivet.
Den rosaTøyblomsten på neste bildet matcha det rosa rotete papiret som piffa opp det svart/kvite bildet.


Fann et morsomt bilde av nevøen min, altså oldebarnet hennes, og det måtte eg bare få med.
Han er en virkelig spillopper, en artig liten apekatt :)
.
Bestemor er kristen, og har en
forkjærlighet for engler
og andre himmellegemer.
Ho bryr seg utrulig mykje om alt
og alle rundt seg,
så eg synest desse orda passa bra




Også ein sjølvfølge at min far, hennes sønn,
og mamsen skulle ha si eiga side :)

Barnetøfler i "Lima"

Da eg og min kjære svigermor var på shopping i Ørsta snubla eg borti dette fantastiske garnet, LIMA PERU WOOL.
Det var så mjukt og deilig, så dette ville eg strikke barnetøfler av.

Da dei var ferdige, var eg ikkje heilt fornøgd med resultatet, for eg syns dei var litt kjedlige. Da fann eg først fram ei filtenål, og litt farga ull, men det gjorde ikkje susen d heller.

Men så ein dag fann eg eit nøste med oransje tråd bakerst i ei skuffe, og det første eg tenkte når eg såg nøstet, var "kor la eg dei tøflene henne?"

Nøstet kom til nytte :)
Hekla kant og lagde to små ponponger.

Tøflene fallt i god jord hos min nye nabo, som fyllte ett år :)

søndag 20. juni 2010

Musetøfler

Dette må være dei søtaste tøflusane EVER! :)
Kathrine strikka sånne til Theodor, og eg syns dei var so fine
at eg bare måtte lage eit par til meg sjølv..
Dei vart litt for små til meg, so det blir en fin og varm gave til ei venninde istaden.

Når eg først var i gang strikka eg
like så godt et par små mus.
Dei passar til en 3åring, men eg har ingen å gi dei til enda...
Det er kjekt å ha liggande, i tilfelle det skulle dukke opp en bursdag eg har gløymt :)
Eg strikka dei i Trysil garn og tova dei etterpå og ørene er hekla og sydd på etter toving.




fredag 18. juni 2010

elektrisk fele

Denne elektriske fela lagde eg på Musikkinstrumentakademiet i 2004, da eg studerte fiolinbygging.
Eg har ikkje spelt på fela meir enn ein gong, grunna manglande utstyr, men ein vakker dag kan dokke sjå meg med fela på ei internasjonal scene, der eg spelar for fleire tusen menneske :)
-Det er lov å drøyme-

Eg lagde også ein langeleik og ein rebec som eg ikkje kan å spele på...
Men dei ser fine ut :)
Rebecen har faktisk ikkje fått stol og strengar enda, men d skal eg ordne så snart tiltakslysta kjem tilbake!


Saknar dette finurlege yrket litt, men det var nok uansett ikkje noko å satse på.
Ein fin opplevelse, og gode minner ligg lagra etter dette året :)

Dessverre gikk skulen konkurs, og eg måtte starte på ny studie, og valgte da å prøve meg som møbelsnikkar. Dette gjekk over all forventning :)


lørdag 12. juni 2010

Dette må testast!

Startar med ein liten tekst, berre for å føle at eg er komen i gong med blogginga..
Dette kjem ikkje til å være ein blogg som omhandlar dei personlege sidene i livet mitt,
men dei kreative.
Det være seg håndarbeid, husbygging, kokkelering, hagestell osv.
Planen er å kunne få og gi inspirasjon fra og til dokke som er her allereie.

Det var Kathrine som satte meg på ideen. Eg var nemlig ein smule skeptisk til ordet "blogg" og kva det no enn måtte være, og visste ikkje kva det innebar. Men etter at eg har sneke litt på kva andre tar føre seg på bloggane sine tenker eg at dette kan være litt spanande. So eg kastar meg uti det med pågangsmot, forventningar og nyskjerrighet, og gjer dette på min eigen måte. Her er det tydlegvis ikkje nokon fasit :)

No er eg altso i gang, men veit ikkje heilt kor eg skal begynne. Kanskje finne nokre bilete og jobbe utifrå det...Det høyres ut som ein god idè! :)

Ynskjer dykk alle velkommen til bloggen min, og håpar det blir interressant både for dokke og for meg sjølv. :)