tirsdag 6. juli 2010

Barnetøfler i "Lima"

Da eg og min kjære svigermor var på shopping i Ørsta snubla eg borti dette fantastiske garnet, LIMA PERU WOOL.
Det var så mjukt og deilig, så dette ville eg strikke barnetøfler av.

Da dei var ferdige, var eg ikkje heilt fornøgd med resultatet, for eg syns dei var litt kjedlige. Da fann eg først fram ei filtenål, og litt farga ull, men det gjorde ikkje susen d heller.

Men så ein dag fann eg eit nøste med oransje tråd bakerst i ei skuffe, og det første eg tenkte når eg såg nøstet, var "kor la eg dei tøflene henne?"

Nøstet kom til nytte :)
Hekla kant og lagde to små ponponger.

Tøflene fallt i god jord hos min nye nabo, som fyllte ett år :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar