lørdag 12. juni 2010

Dette må testast!

Startar med ein liten tekst, berre for å føle at eg er komen i gong med blogginga..
Dette kjem ikkje til å være ein blogg som omhandlar dei personlege sidene i livet mitt,
men dei kreative.
Det være seg håndarbeid, husbygging, kokkelering, hagestell osv.
Planen er å kunne få og gi inspirasjon fra og til dokke som er her allereie.

Det var Kathrine som satte meg på ideen. Eg var nemlig ein smule skeptisk til ordet "blogg" og kva det no enn måtte være, og visste ikkje kva det innebar. Men etter at eg har sneke litt på kva andre tar føre seg på bloggane sine tenker eg at dette kan være litt spanande. So eg kastar meg uti det med pågangsmot, forventningar og nyskjerrighet, og gjer dette på min eigen måte. Her er det tydlegvis ikkje nokon fasit :)

No er eg altso i gang, men veit ikkje heilt kor eg skal begynne. Kanskje finne nokre bilete og jobbe utifrå det...Det høyres ut som ein god idè! :)

Ynskjer dykk alle velkommen til bloggen min, og håpar det blir interressant både for dokke og for meg sjølv. :)

3 kommentarer:

  1. Gratulerer som blogger kjære du! :) Eg gleda meg til å følge med her framover. :D

    SvarSlett
  2. Hei og hå, blog altså?
    Det er jo morsomt:) tykte denne såg veldig fin ut!

    tenker eg kjem oppover om halvanna veke, så då stikk eg nok innom:D

    Kristian S. (naboen)

    SvarSlett
  3. Ja, kjekt me blog! :)
    Du er hjerteleg velkommen!
    Eg er for det meste på Eid, men du kan no slå på tråden!

    SvarSlett