fredag 18. juni 2010

elektrisk fele

Denne elektriske fela lagde eg på Musikkinstrumentakademiet i 2004, da eg studerte fiolinbygging.
Eg har ikkje spelt på fela meir enn ein gong, grunna manglande utstyr, men ein vakker dag kan dokke sjå meg med fela på ei internasjonal scene, der eg spelar for fleire tusen menneske :)
-Det er lov å drøyme-

Eg lagde også ein langeleik og ein rebec som eg ikkje kan å spele på...
Men dei ser fine ut :)
Rebecen har faktisk ikkje fått stol og strengar enda, men d skal eg ordne så snart tiltakslysta kjem tilbake!


Saknar dette finurlege yrket litt, men det var nok uansett ikkje noko å satse på.
Ein fin opplevelse, og gode minner ligg lagra etter dette året :)

Dessverre gikk skulen konkurs, og eg måtte starte på ny studie, og valgte da å prøve meg som møbelsnikkar. Dette gjekk over all forventning :)


1 kommentar:

  1. Du E so dyktig!!! Har bare sett fela før eg. Tenk at du har LAGA alt det der! Eg e mållaus.

    SvarSlett