søndag 20. juni 2010

Musetøfler

Dette må være dei søtaste tøflusane EVER! :)
Kathrine strikka sånne til Theodor, og eg syns dei var so fine
at eg bare måtte lage eit par til meg sjølv..
Dei vart litt for små til meg, so det blir en fin og varm gave til ei venninde istaden.

Når eg først var i gang strikka eg
like så godt et par små mus.
Dei passar til en 3åring, men eg har ingen å gi dei til enda...
Det er kjekt å ha liggande, i tilfelle det skulle dukke opp en bursdag eg har gløymt :)
Eg strikka dei i Trysil garn og tova dei etterpå og ørene er hekla og sydd på etter toving.




fredag 18. juni 2010

elektrisk fele

Denne elektriske fela lagde eg på Musikkinstrumentakademiet i 2004, da eg studerte fiolinbygging.
Eg har ikkje spelt på fela meir enn ein gong, grunna manglande utstyr, men ein vakker dag kan dokke sjå meg med fela på ei internasjonal scene, der eg spelar for fleire tusen menneske :)
-Det er lov å drøyme-

Eg lagde også ein langeleik og ein rebec som eg ikkje kan å spele på...
Men dei ser fine ut :)
Rebecen har faktisk ikkje fått stol og strengar enda, men d skal eg ordne så snart tiltakslysta kjem tilbake!


Saknar dette finurlege yrket litt, men det var nok uansett ikkje noko å satse på.
Ein fin opplevelse, og gode minner ligg lagra etter dette året :)

Dessverre gikk skulen konkurs, og eg måtte starte på ny studie, og valgte da å prøve meg som møbelsnikkar. Dette gjekk over all forventning :)


lørdag 12. juni 2010

Dette må testast!

Startar med ein liten tekst, berre for å føle at eg er komen i gong med blogginga..
Dette kjem ikkje til å være ein blogg som omhandlar dei personlege sidene i livet mitt,
men dei kreative.
Det være seg håndarbeid, husbygging, kokkelering, hagestell osv.
Planen er å kunne få og gi inspirasjon fra og til dokke som er her allereie.

Det var Kathrine som satte meg på ideen. Eg var nemlig ein smule skeptisk til ordet "blogg" og kva det no enn måtte være, og visste ikkje kva det innebar. Men etter at eg har sneke litt på kva andre tar føre seg på bloggane sine tenker eg at dette kan være litt spanande. So eg kastar meg uti det med pågangsmot, forventningar og nyskjerrighet, og gjer dette på min eigen måte. Her er det tydlegvis ikkje nokon fasit :)

No er eg altso i gang, men veit ikkje heilt kor eg skal begynne. Kanskje finne nokre bilete og jobbe utifrå det...Det høyres ut som ein god idè! :)

Ynskjer dykk alle velkommen til bloggen min, og håpar det blir interressant både for dokke og for meg sjølv. :)